Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Arkiv for February, 2008

Aktuell: Amy Winehouse

25 February 2008 | Emne: Album,Musikkprat | Tagger: ,

amy_winehouse_pr_460
You know I’m no good, syng ho. Og ja, vi har forstått at dama ikkje er heilt god. Heldigvis er det berre på privaten det har vorte flokar i syskrinet.

Ifølgje Verdens gang stiller Amy Winehouse fredag i retten ved tinghuset i Bergen. Orsaka skal vere sysling med stoff sterkare enn smurfedrops, då ho vitja eit av byen sine hotell i oktober.

Men det er då endeleg slik at “all PR er god PR”, og at det “aldri er så gale at det ikkje er godt for noko”. Stopp meg før klisjepolitiet kjem og tek meg, men blesten rundt dama fekk meg til å laste ned plata hennar “Back to Black” frå 2006.

Herlege, herlege plata. Og. Eg elskar faktumet at det er akkurat Amy Winehouse som syng “Rehab”. Ser ein denne YouTube-videoen forstår ein at det er andre som tenkjer det same.

Knirkefrie tonar: Love is a losing game, Rehab, Back to Black, You know I’m no good, Wake Up Alone.

0 kommentarer

Heit, heitare, heitast

23 February 2008 | Emne: Kjappis | Tagger: 

hothotheat
Men Hot hot heat får berre tent meg på éin song.

Med eit utgangspunkt om å lage ein presentasjon av bandet Hot hot heat, gir eg no tapt. Etter å ha leita etter fleire godbitar frå bandet, finn eg rett og slett ikkje fleire songar som har den same futten som “Island of the honest man“. Du har heilt sikkert høyrt karane før via songen “Goodnight goodnight“. På Island-songen presterer vokalisten å servere oss eit imponerande stykke song-framføring. Tempoet, takta og i det heile tatt. Songen er knall! For meg vert fallgruva når karen slakkar på tempoet, og det heile berre høyres ut som syting, masing og breking med melodi. Rettnok er det fleire songar som er OK – men det er òg songar som er veit med meg sjølv at eg kjem til å gå lei etter tre gjennomhøyringar.

Takke meg til den eine songen. Faktisk. Det er ein fantastisk helge-song.

Knirkefri tone: Island of the honest man

Om du likevel vil høyre meir: My space: Hot hot heat

0 kommentarer

I-bås-setjing

23 February 2008 | Emne: Bloggen

kuwabongaKategori, kategora. I dag har eg systematisert bloggen min.

Knirkefritt har ikkje vakse seg stor og sterk. Det er derfor eg no tek innskjerpingane på førehand. Eg har dimed delt innlegga inn i åtte kategoriar. Såleis skal lesarne lettare kunne finne fram i mylderet, og på den måten bruke bloggen på den måten dei sjølv vil. Måtte det vere å berre kopiere spelelister, berre lese presentasjonar av artistar eller berre sjå videoar.

Kategoriane er som følgjer:

  • Balsam og Kjappis: Kjappe eller rolege songar.
  • Bloggen: Informasjon og pjatt som har med Knirkefritt å gjere.
  • Cover: Cover-songar. Det er artig å grave fram og samanlikne forskjellege versjonar.
  • Musikkprat: Alt som fell utanfor dei andre kategoriane. Synsing og skriving.
  • Presentasjon: Ei innføring i bakgrunnen og musikken til ein artist eller eit band.
  • Speleliste: Ei kjapp liste med songar.
  • Video: Innlegg som inkluderer video.
  • Fleire kategoriar kjem kanskje til etterkvart. Elles kjem eg til å lage merkelappar (les: tag-ar) på band/artistnamn og album. Er du over-ivrig på ny musikk, kan du no sjå kva songar eg nyleg har spelt. Det gjer du på denne sida.

    0 kommentarer

    Fultifarti – ti kjappe

    Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
    Vampire Weekend – A-Punk

    “Fultifarti!” utbryter ein av dei yngste søskenbarna om ting går litt fort i svingane. I høve helga gjev eg dykk eit par songar med litt “fultifarti”. Ti stykk, til og med.

    1. Caesar’s Palace – Jerk It Out
    2. Jakobinarina – His Lyrics Are Disastrous
    3. Jakobinarina – Jesus
    4. Jakobinarina – This Is an Advertisement
    5. Phoenix – Consolation Prizes
    6. Snook – Snook, Svett & Tårar
    7. Vampire Weekend – A-Punk
    8. The Wombats – Let’s Dance to Joy Division
    9. Yeah Yeah Yeahs – Gold Lion
    10. Orson – No Tomorrow

    Tipsar(ar): Frode og Ole Mattis

    6 kommentarer

    .. när jag går i mina gylna skor

    13 February 2008 | Emne: Kjappis,Video | Tagger: ,

    Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

    Paolo Nutini – New Shoes

    Veit du. Med artistar som faktisk kan synge reint, er det i 90 prosent av tilfella alltid kjekkare å høyre dei akustiske versjonane av songane. Dei polerte CD-versjonane vert oftast litt meir platte og upersonlege. Det er når artistane strippar ned til instrumenta og røysta at ein verkeleg oppdagar om dei er noko tess.

    Og Nutini gjer det absolutt bra. Plata hans “These Streets” rommar fleire gode perler. Blant anna denne, etterkvart ganske kjende songen. Då møringen Bjørn Johan i tillegg plukka ut gromlåta for framføring under Idol fekk den i alle fall merksemd i frå min kant. Nok eit døme på ein song eg har høyrt før, men som eg ikkje har klart å få med meg namnet på.

    Om du er av det slaget som føretrekk dei polerte versjonane – her er originalvideoen.

    Knirkefrie tonar: New Shoes, Autumn, These Streets.

    Heimesida: Paolo Nutini

    0 kommentarer

    Hermekråka Newton Faulkner

    10 February 2008 | Emne: Balsam,Cover,Video | Tagger: , ,

    Dei er modige, artistane som vågar å lage nye versjonar av songar som i utgangspunktet er perfekte. Newton Faulkner er ein av dei.

    Han har nemleg laga sin eigen versjon av yndlingssongen min av Liz Fraser i Massive Attack: Teardrop. Faulkner er ein engelsk friskus som med det feite dreads-hovudet sitt lurar folk til tru at han er langt elder enn kva han eigentleg er. For karen er like gamal som meg – 22 år.

    La oss samanlikne versjonane. Fyrst ut, originalen.

    Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

    Den syngande ungen er for dei fleste vorte nærast andletet utad for Massive Attack, sidan dette må vere ein av dei mest fengande songane til bandet. Ein roleg, nydeleg song som får pulsen til å roe seg ned ørten hakk. Pulsslag. Rett og slett. Kva skjer då når musikaren med det pjuskete håret prøvar seg?

    Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

    Eg får meg ikkje til å sei at songen er betre enn Massive Attack sin. Men. Han tilførar noko nytt. Han skrur opp tempoet ein smule. Han klimprar på gitaren – og held fast på dei karakteristiske pulsliknande slaga ved hjelp av gitaren sin. Og ifølgje heimesida hans er det nettopp akustisk gitarklimpring som er merkevaren hans. I tillegg til håret, sjølvsagt. Artistar som handterer instrumenta sjølv likar vi verkeleg. Og Newton har i så måte handtert instrumentet sitt på ein god mate. Han har nemleg laga gitaren sjølv. Så, Newton? Dette er så absolutt godkjend.

    Songen “Teardrop” er å finne på plata med det finurlege namnet ”Hand built by robots”. Og du har heilt, heilt garantert høyrt stemma hans før. No om dagane prøvar nemleg radioen å spele ihel songen hans “Dream Catch Me”. Og har du ikkje høyrt den, bør du leite den opp. Musikken hans kan du høyre på heimesida hans.

    Knirkefrie tonar: Massive Attack – Teardrop, Newton Faulkner – Teardrop, Dream Catch Me.

    Heimesida: Newton Faulkner

    4 kommentarer

    Prisverdige Kirsten

    10 February 2008 | Emne: Presentasjon | Tagger: ,

    Bilde 4

      Høyrt om Kirsten Price? Ikkje? Stakkars.

      Ho er nemleg ein artist det er verdt å merke seg. Som den britisk soul-songar og multi-instrumentell artisten ho er, både skriv, spelar og produserer dama storparten av musikken sin.

      Debutplata hennar ”Guts & Garbage” vart lansert i oktober. Og sjølv om flesteparten av oss då får assosiasjonar til interiøret under huda, forklarar ho i eit intervju namnevalet med eit litt anna utgangspunkt:

      – Eg trengte mykje mot (guts) for å lage denne plata. Og i prosessen måtte eg kvitte meg med mykje boss (garbage). Songar som ikkje vart brukt på plata.

      Når ein då ser at songane ho ikkje synst var gode nok, faktisk vert brukt av andre artistar .. Det seier sitt. Plata hennar har ingen songar som bør hoppast over. Dei er alle gode! Men ein finn alltids sine eigne favorittar. Min kjem i form av songane ”Magic Tree”, ”Fall” og ”Let Me Go”. Førstnemnde nytta i serien ”The L-Word”.

      Gjennom Kirsten Price har andre artistar fått eit godt førebilete på ekte song- og musikkglede. For ein beint fram høyrer at ho kosar seg med musikken. Skulle du i tillegg slumpe til å sjå ho på scenekanten får den rå musikkgleda òg eit andlet.

      Dette er dama som fekk folka i plateselskapet til å bruke tannkosten sin til mikrofon medan dei sang songane hennar – sjølv før ho hadde skrive ei kontrakt med selskapet. Dette er dama som vert samanlikna med Janis Joplin, men som av mange vil verte rekna for å vere mykje, mykje betre en den avlidne legenda ..

      Og sist, men ikkje minst. Dette er dama som, sørgjeleg nok delar same namn som ein pornoskodespelar. Den britiske syngedama har imidlertid retten på si side, sidan ”Kirsten Price” faktisk var det som sto på dåpsattesten. Det er meir enn skodespelaren, som gløymte att kleda sine heime då ho skulle på filmsettet, kan skryte på seg.

      Det er i det heiletatt vanskeleg å ikkje vere entusiastisk når det gjeld denne dama. For sist, men ikkje minst, ho meistrer kunsten å vere sexy utan å vere smaklaus. Price har forstått det Shakira ikkje har – å vere forførande har ingenting med oljen eller regnet kroppen din måtte få nærkontakt med.

      Knirkefrie tonar: Magic Tree, Fall, Let Me Go.

      Kirsten Price på My space og iLike.

      Tipsar: Sissel.

      9 kommentarer

    Musikkbloggen Knirkefritt

    10 February 2008 | Emne: Bloggen
      musikk

    Knirkefritt. Musikkbloggen Knirkefritt.

    Ei stykk Janne hadde ein stykk blogg via “janne i trykken“. Ei stykk Janne brukte bloggen sin til å skrive personlege tekstar, ispedd nokre lange lister med songar lesarane burde høyre. Etterkvart fant ho såpass mange nye perler, at eit innlegg i månaden strengt tatt ikkje vart nok. Det heile resulterte i denne bloggen: Knirkefritt. For når ting går knirkefritt, har ein ikkje mykje på klage på. Det er beint fram bra. Når ein då døyper ein musikkblogg til “Knirkefritt“, kan du fullføre tankeprosseen om kva eg har sett føre meg om dette bloggprosjektet.

    Eg er ikkje glad i å tigge til meg omtale. Men eg håpar at folk etterkvart som dei finn ut at dei kanskje likar det eg syslar med her inne, sponsar meg med ein liten lenk på bloggen sin. Eventuelt tipsar andre om sida. Per no er den totalt ukjend.

    Når det er sagt: La meg hoppe rett i publiseringa av det første innlegget!

    0 kommentarer