Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Arkiv for March, 2008

Kuren mot stemmeskifte

castrato_lead

Mang ein liten gutekvalp skulle gjerne ha snike seg unna det usympatiske stemmeskiftet. Hadde dei tydd til drastiske metodar kunne dei unngått mang ei flause – og i tillegg vorte songar.

Ein har høyrt forklaringa så altfor mange gongar før: Alt var så utruleg mykje betre i gamle dagar. Og dess lenger ein bles støv bak i arkivene, dess betre er det .. Underhaldingsverdien er der i alle fall.

I Italia og Spania hadde ein heilt eigne, drastiske metodar for å dyrke fram unge gutetalent innanfor songarmiljøet. På 1400-talet var der nokre glupe hovud som fant ut at om ein kastrerte gutane før dei rakk å vippe over i stemmeskiftet, ville dei med streng songtrening, få lungevolumet til ein mann og guteversjonen av alt- eller sopran. Metoden dyrka fram ein til då ukjend og framifrå syngeteknikk.

Dei såkalla “kastratsongarane” vart sett spesielt pris på innanfor kyrkjemusikken og i kvinnelege roller i operaen. Her hadde ein enno ikkje opna dørene for kvinnelege songarar. I staden for ty til ordet “likestilling”, som då var eit framandord, valgte dei altså å heller å fjerne testikklane på unge gutar .. Denne typen operasjonar heldt fram heilt til 1700-talet. Kastratsongarar var likevel noko ein kunne snuble over utover 1800-talet, fram til denne typen operasjonar vart forbode i 1870. Italia var det siste landet som med lova gjor kastratoperasjonar ulovleg.

Elles kan ein jo nemne at den siste ekte kastratsongaren levde eit godt stykke inn i det tjuande århundret. Alessandro Moreschi døydde først i 1922. Han var solist i Det sixtinske kapellkoret heilt fram til 1913. I ettertid vart desse røystene oftast sunge av kvinnelege songarar. Ein gang på midten av 1900-talet vart det til att mannfolk sjølv tydde til stemmebandet. Med rett teknikk klarte dei å synge i dei lysaste toneleiene. Dei går under paraply-omgrepene countertenor, kontratenor eller mannleg alt.

Før Moreschi kraup under jorda skreiv han seg sjølv inn i historia ved å verte den einaste opphavsmannen til grammofoninnspeling av kastratsynging. Med grammofon som innspelingsmetode, fekk opptaket, vittig nok, ein litt spesiell kvalitet .. Høyr tolkinga hans av Domine Salvum og Ave Marie på slutten av innlegget, og du kjem til å forstå kvifor eg får frysningar på ryggen. Ikkje nødvendigvis fordi det er spesielt vakkert, men fordi eg tenkjer på kva ein har gjort mot stakkars guten for at han skulle synge som ei jente.

Skiljet mellom den høgaste og lågaste tonen kastratsongarar meistra, var som regel større enn hjå ikkje-kastrerte songarar. Operasjonane hadde, som så mykje anna innan drastiske medisinske metodar, nokre kjedelege biverknader. Songarane fekk ei spesiell kroppsform: Over gjennomsnittlege høge. Lange fingrar og tær. Smale armar og overkropp – i tillegg eit par hofte som var litt breiare enn hjå mannfolka. Kor tydelege desse trekka var, vart avgjort ut i frå kor langt dei hadde kome i utviklinga då dei vart kastrerte. Var det for å sleppe stemmeskiftet gutane hadde kastrert seg, ville dei med desse sjarmerande trekkene nok uansett ha vorte eit mobbeoffer ..

Gutar skal nok vere glad for at dei får ha stemmeskifte i den korte perioden det gjeld. No veit dei i alle fall kva effekt det ville hatt for kroppen, om dei ikkje hadde fått brytningane i røysta.

Domine Salvum
Ave Marie

1 kommentar

Tidlaus

28 March 2008 | Emne: Balsam, Presentasjon, Video | Tagger: ,

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

Eg har dilla. Totalt. Tidlaus dilla.

Og det heile er Postgirobygget si skuld. Og så hende det seg slik at eg undervegs i tumlinga mi på nettet kom over denne artige videoen. Songen “Tidløs” er henta frå albumet med same tittel som kom ut i fjor. Ein finfin trudelutt som på snedent vis har innsydd titlar frå songar bandet har laga tidlegare. I alle fall frå songane “Bohemen Leve” og “En solskinnsdag”.

Elles kan eg nemne at eg hadde skrive mangt og mykje om korleis studentbandet “The Pissed of Sons” i Trondheim vart omdøypt til “Postgirobygget” i 1995. Men så forsvant det. Rubbel og bit. Takk til den stabile nettlesaren min. Om det likevel vil lese om det, er kjelda mi å finne her – på den offisielle heimesida deira.

Knirkefrie tonar: Tidløs, Idyll, En Solskinnsdag

Nettside: Postgirobygget

4 kommentarer

Kashmir – Rocket Brothers

26 March 2008 | Emne: Balsam, Video | Tagger: , ,

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

Søt liten video til ein fin sang.

Tipsar: Jon

1 kommentar

Kyllingsangen

Den eldste tanteungen min overraska både mor si og oss med ein påskesang no i ferien. Den fortener ein plass i den knirkefrie sona.

En liten kylling i egget lå

En liten kylling i egget lå.
Den banket, banket og banket på.
Her er så trangt, jeg vil ut og gå.
Pep den og ynket seg der den lå.
Hakk, hakke hakk.
Egget det sprakk.
Og et lite hode, utav det stakk.

Undrende sto den og gløttet på
Alt det den ute i verden så
Solen den varmet og skinte på
marken og fugler og blomster små
“Pip-pip” den sa. “Jeg er så glad!
Trangt det var i egget, men her er det bra.

Eg tek høgde for at den ikkje er like bra utan rørslene som høyrer til songen. Melodien finn du her. Vevsida melodien er henta frå er eit mediatek for frustrerte foreldre som vert bedt om å synge songar dei ikkje kan, men som dei små har lært i barnehagen.

0 kommentarer

Bank i bordet

07 March 2008 | Emne: Kjappis, Video | Tagger: ,

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Grounds For Divorce

Elbow. Med ein sang som først dukkar opp i butikkane 10. mars – og som har ein video som minner meg litt om Kaizers Orchestra sin tendens til å “dælje” laus på ting.

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Picky Bugger

Nummer to: Ein sang som har gått på “repeter” på iPod-en og i knollen min.

Tipsar: Undre

7 kommentarer

Fire album, fem roser, seks stjerner

vampyr-rose-kjemparar
Eg gir deg fire lekre album-tips.

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Miracle Fortress – Five Roses
Utgitt: 30. juli 2007
Plateselskap: Rough Trade

Dette er eit band eg på slump oppdaga då eg var innom My space-sida til Indiegranskauen. Det viste seg at dei altså ikkje berre hadde ein song (Have You Seen In Your Dreams, allereie i Trudeluttarkivet), men ei heil plate med fantastiske tonar. Musikken er drøymande, spesiell og nydeleg. Vokalisten syng diverre ikkje spesielt bra i levande live. Då ein god video var vanskeleg å oppdrive, var det like greitt å plukke ut eit instrumental-klypp. Jamt over er det uansett meir melodi enn synging. Men det er fint likevel. Plata er ein favoritt om morgonen når eg går i halvsøvne.

Knirkefrie tonar: Beach Baby, Hold Your Secrets To Your Heart, Poetaster, This Thing About You

My space: Miracle Fortress

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Vampire Weekend – Vampire Weekend
Utgitt: 27. januar 2008
Plateselskap: XL

Fyrste gongen eg leita fram Vampire Weekend på iTunes vekte dei ikkje noko merksemd. No, etter å ha høyrt meir på debutantane, trykker eg dei hardt til brystet. I staden for å spele klassisk veksling mellom refereng, vers og så bortetter, lagar gutane musikk på sin heilt eigen måte. Trommer, keyboard, gitarar lever litt sitt eige liv. Men i kaoset er det eit system. Dette er absolutt kjedeleg: Songen forandrar seg heile vegen. Ein skal leite ei stund før ein finn nokon som kombinerer instrument på same måte som Vampire Weekend.

Knirkefrie tonar: A-punk, Walcott, Bryn, Cape Cod Kwassa Kwassa, Oxford Comma

Nettside: Vampire Weekend

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Garbage – Absolute Garbage
Utgitt: 16. juli 2007
Plateselskap: A&E Records Ltd.

Garbage spelar dystert, rocka, roleg og knalltøft. På dette albummet har ein samla fleire godbitar frå karriera deira. Garbage er eit av unntaka som på 90-talet faktisk laga god musikk. Og den er minst like bra på høgtalarane den dag i dag. Absolutt verd ei gjennomhøyring.

Knirkefrie tonar: Shut Your Mouth, Vow, Only Happy When It Rains, I Think I’m Paranoid, Why Do You Love Me

My space: Garbage

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Foo Fighters – Skin And Bones
Utgitt: 17. november 2006
Plateselskap: Roswell Records, Inc.

Med tanke på at eg skal på Foo Fighters-konsert i sommar, er eg eigentleg dritlei mesteparten av songane. Dei har vorte spelt ihel på radio, TV og gudveitkvar. Nettopp difor var det herleg å kome over live-albummet “Skin and Bones”. Songane vert så å sei heilt nye – både i komposisjon og i lyd. Songar som eg tidlegare ikkje har likt, vert i mine øyre ti gongar betre når dei er framført akustisk. Denne plata er verd alle kronene!

Visste du forresten at Queens of the Stone Age er oppvarmingsbandet til Foo Fighters? Noko seier meg at vi har ein fantastisk konsert i vente på Koengen.

Knirkefrie tonar: Everlong, My Hero, Times Like These, Best of You, Razor

My space: Foo Fighters

2 kommentarer