Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Arkiv for July, 2008

Under paraplyen

31 July 2008 | Emne: Balsam, Cover, Kjappis, Video | Tagger: , ,

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Manic Street Preachers har ein ypperleg cover.

Så fjong er den, at den slår originalen med Rihanna ned i sokkane. Umbrella gjer seg mykje betre via vokalisten i “Manics”. Dumt det ikkje er råd å få tak i den på iTunes. Songen deira “Leviathan”, fann eg ikkje video til, men heldigvis i musikksjappa. Manic Street Preachers har litt U2-preg over seg. Utan at eg heilt klarar å sei kvifor. Dei har mykje brukbart.

Kom òg over ein akustisk versjon av paraplysongen. Smakfult framført av Alejandro Manzano frå bandet Boyce Avenue.

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

0 kommentarer

Songfugl med skadefryd

31 July 2008 | Emne: Kjappis, Video | Tagger: 

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Ikkje still spørsmålet “Det er ikkje storleiken det kjem an på, er det?” til Lily Allen.

Har du ikkje mange centimeter å skryte av under bokser-stoffet får du i alle fall passet påskrive. Men som ein trøyst seier ho samtidig: “If you’re small, you have to know how to use it.”

Det er kjekt å sjå at ei dame kan kødde med små snabbar, når menn heile tida køddar med ufikse puppar. Kos deg med songen hennar: “Not Big”.

0 kommentarer

Metallica-ahaha!

16 July 2008 | Emne: Musikkprat | Tagger: 

Bilde 1
Gjett kven som er klar for konsert i kveld?

Det var i ein periode. Ein periode då gutane på ungdomsskulen spelte desse mørke tonane til desse mørke musikarane frå Amerika, at entusiasmen deira smitta over. Sjølv på meg. Med litt tid og ettertanke spelar eg på ny musikken deira. Men med ein heilt annan grunn. Den vert spelt fordi den er tidlaus. Fordi den held seg. Fordi det er sving, svung, svong og alt som trengt i mange av songane deira. Klassiske songar som kjem til å verte spelt og spelt og spelt og spelt.

I kveld spelar dei på Koengen i Bergen. Og eg er glad for at eg skal få æra av å høyre dei.

Noko seier meg at eg har all grunn til å glede meg til å høyre oppvarmingsbanda The Sword og Down òg. Metallica har sjølv plukka ut banda til å hjelpe dei på denne einaste konserten dei spelar i Skandinavia i denne omgang.

0 kommentarer