Arkiv for November, 2008
Obadiah Parker – Hey Ya
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Eg får vere grei og sei at Undre var først ut med å tipse om songen. Hermekråka, det er meg. Men songen er jo verd å spre, sidan den er så utruleg mykje betre enn originalen med Outkast.
Obadiah Parker – musikk som vi (les: eg) skal høyre meir frå.
Hey ya!
4 kommentarerHjelp! Eg finn ikkje songen.
Det kan vere irriterande nok å vere hekta på ein song. Endå meir irriterande er det å vere hekta på ein song du ikkje klarar å få tak i.
Eg har leita. Eg har slitt. Eg har søkt. Eg har lasta ned. Utan spesielt mykje hell. Songen er rett og slett berre utruleg vanskeleg å finne. Men den eksisterer! Det gjeld berre å vere disiplinert nok. Og kanskje heldig nok med torrent-adressa, eller nettsøket. For det er heilt klårt folk som har songen. Det har eg sett på last.fm sine sider. Men der kan ein altså ikkje laste ned frå.
Kva eg snakkar om? Ein svensk visesong, framført av ei amerikansk (!) gruppe som var poppis på 1940-talet.
Det heile byrja då eg såg “Salmer fra kjøkkenet” (2003). Ein utruleg koseleg norsk film av Bent Hamer. Ein film der kjøkenvanane til einslege nordmenn vert analysert via svenskar som sit på pidestall i heimen. La meg vise deg litt av filmen, slik at du forstår kva eg snakkar om.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Songen eg siktar til, er rettnok ikkje med i dette klyppet, men du skal få høyre den. Snart. Saka er den at eg har gått og nynna på denne trudelutten i tide og utide. Då eg såg filmen sist, og igjen fekk dilla, gav eg opp leitinga. Denne gongen har eg faktisk funne den – men ikkje heile songen. Av ein eller annan grunn vil programmet at eg ikkje skal få meir enn fire prosent inn på maskina mi. Så, lenger kom eg ikkje. Men eg reknar med du er nyfiken på korleis den høyres ut no. Ja, songen altså. Så la oss hoppe rett på sak.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
The Delta Rhythm Boys – Flickorna i Småland
Etter Delta-gruppa hadde gjennomført den første turen til Europa, hadde dei ein konsert i Stockholm, og seinare London. Deretter spelte dei inn plate med ei rekkje svenske visesongar. På svensk. For Metronome Records. Dei spelte òg inn nokre finske visesongar. Språkkyndige hitmakarar, med andre ord. Ryktet skal ha det til at gruppa er ein av dei som har hatt flest songar inkludert i film – totalt 15 gongar frå tidleg på 1940-talet til 1956.
La oss sjå og høyre eit siste klypp. Av ein av dei, kanskje mest populære, framføringa deira. Morosam er den jo òg, om du høyrer på teksten. Som ein kuriositet er dette bortimot den einaste songen eg har fått tilsendt frå Hastur som eg ikkje har sletta eit minutt etterpå.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
The Delta Rhythm Boys – Dry Bones
Det er i alle fall utruleg fengande med den amerikanske “schwongen” på den svenske trudelutten. For det er den eg vil ha. Den festar seg lett til knollen. I filmen vert melodien blant anna snurranår den artige svenske observatøren, Sixten, sit i campingvogna si og et sild.
Så, kjære lesar. Eg håpar du likte songen såpass godt at du kanskje vil hjelpe meg med å få tak i den. I neste rekkje kan du leggje att ein kommentar, slik at vi kan utveksle e-postadresser. Denne vil eg verkeleg ha! “Vinnaren” kunne jo kanskje fått tilbod om filmkveld med overnemnde saman med underteikna. Med mindre du bur usentralt. Og ikkje er snill, sjølvsagt.
Sist, men ikkje minst. Her er teksten.
FLICKORNA I SMÅLAND
Melodi: Fridolf Lundberg – Tekst: Karl Williams
På lingonröda tuvor och på villande mo
där furuskogen susar susilull och susilo.
Där kan du se dem, en och en och stundom två och två,
på lingonröda tuvor komma dansande på tå.
Det är flickorna i Småland,
det är flickorna från mon.
Det är flickorna som vallmoblom
och lila och pian.
Ja, det är flickorna i Småland, susilull och susilo,
som gå vallande och trallande på villande mo.
Och går du ut på vägarna, du gångande sven,
ja, går du ut i världen för att söka dig en vän,
och frågar du och spörjer, susilull och susilo,
var månn’ i hela världen de bästa flickor bo.
Det är flickorna i Småland …
Och vänder du dig spörjande att få den gåtan löst,
och vänder du dig sörjande mat väster och mat öst,
då skall du höra vindens susilull och susilo
dig svara var i världen de bästa flickor bo.
Det är flickorna i Småland …
4 kommentarerThe Ting Tings – Great DJ
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Ah-ahahah-aahahaha! Eee-eee-eee-eee!
The drums, the drums, the drums, the drums..
Det enkle er somme gonger det beste, sjølv om det er ein viss fare for å bli fort lei denne.
Fengande er den i alle fall, likeins The Ting Tings sine songar generelt. Kjøpte nett albumet deira “We Started Nothing” – føtene diggar det dei høyrer (synd dei ikkje har øyrer).
0 kommentarerInfadels – Free Things For Poor People
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Noisettes – I We + Rosetta (Capture the Spirit)
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Eigentleg skulle eg leggje ut songen “Rosetta (Capture the Spirit)”, men sidan det berre var dårlege videoversjonar på nettet, legg eg heller ut ein annan. Det går fint det – Noisettes har nemleg fleire kjappe og fine songar. Slik som “I We”. Begge kjem dei frå plata “What’s the Time Mr. Wolf?”.
Eller, ok. Eg legg den ut uansett. Men den er altså mykje betre i studioversjon. Mykje trøkk!
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kings of Leon – Sex On Fire
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Plata “Only by the Night” er eit heilt fantastisk album. Ein fryd for øyrene, rett og slett. Unn deg gjerne gleda. Eg har.
Glasvegas – Daddy's Gone
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Er det eg som har levd i mi eiga boble, ettersom eg ikkje hadde høyrt om Glasvegas før eg såg Lydverket i kveld? Denne songen gjorde meg i alle fall nyfiken på å sjekke ut fleire av tonane til bandet. Teksten var utruleg fin òg. For å vere på den sikre sida har eg funne den fram til dykk. (Den britiske tonen kan jo av og til vere litt vanskeleg å tyde.)
Glasvegas – Daddy’s Gone
How you are my hero
How your never here though
Remember times when you put me on your shoulders
How I wish it was forever you would hold us
Right now I’m too young to know
How in the future it will affect me when you go
You could have had it all
You, me, and mum y’know
Anything was possible
I wont be the lonely one
Sitting on my own and sad
A fifty year old
Reminiscing what I had
I wont be the lonely one
Sitting on my own and sad
Forget your dad, he’s gone
All I wanted was a kick-a-bout in the park
For you to race me home when it was nearly getting dark
How I could’ve been yours, and you be mine
It could’ve been me and you until the end of time
Do what you want, when you want
Be as fuckin’ insincere as you can
What kind of way is that to treat your wife
To see your son on Saturdays
What way is that to live your life?
I wont be the lonely one
Sitting on my own and sad
A fifty year old
Reminiscing what I had
I wont be the lonely one
Sitting on my own and sad
Forget your dad, he’s gone
Kate Perry – Hot N Cold
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Eg trur Isabel likar denne. Det gjer i alle fall eg, sjølv om songen er så pop-ete som det pop-ete kan bli.
0 kommentarerGary Jules – Falling Awake
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Gary Jules har ei heilt fortryllande røyst. Denne songen er fin, om enn ikkje like trist, som versjonen hans av “Mad World”.
Kommentarer er stengt for denne postenAir Traffic – Shooting Star
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.