Arkiv for January, 2009
White Lies – To Lose My Life
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Dei kjem frå London. Dei er tre. Og dei minner meg litt om både Glasvegas og Franz Ferdinand – men kanskje litt meir lik i dei snøgge rytmene til sistnemnde. Fengande er det i alle fall!
Kjekt er det i tillegg å vete at dei kjenner til landet vårt og veit at Sverige ikkje er hovudstaden i Noreg, eller omvendt. Eller.. ettersom dei kjenner til Noreg via landskapsmotiv på vasar, er det ikkje godt å vere sikker på kva inntrykk dei står att med. Uansett: Til Europa kjem dei, trioen som er lista opp som eit forventa innslag i musikkåret 2009.
Debutalbumet, som dei presenterte i 2008, har fått same namn som debutsingelen: To Lose My Life.
Kommentarer er stengt for denne postenÅrets Urørt: Pony the Pirate
Plutseleg kunne Pony the Pirate føye seg inn i rekkja av “Årets Urørt” saman med Ida Maria og Matias Tellez.
Bandet med base i Oslo var soleklare favorittar både hjå juryen og publikum, då dei fredag kapra den gjeve tittelen “Årets Urørt”. Med 13 090 stemmer av totalt 18 000 stemmer, sikra dei seg statuett, 25000 kroner og ein turné til 18 spelestader i heile Norge. (Obs-obs! 17. april speler dei på Kvarteret – NG2)
Sju(åtte?)mannsbandet, med sine tre kvinner, vann konkurransen med songen “Walk the Shame”. Du har kanskje høyrt om dei før. Til dømes då dei vart intervjua på Waschera på TV2. Allereie er dei plukka ut til å spele på by:Larm, men før den tid skal dei prøve å gi ut ein EP med fem songar. Ifølgje bandet sjølv skal dei i løpet av 2009 i tillegg vere med på å lydgje ei stor norsk filmsatsing.
Det er nok best å merke seg ved namnet “Pony the Pirate” no med ein gong. Men medan vi ventar kan vi kose oss dei songane som allereie ligg ute på verdsveven.
Pony the Pirate på
- Urørt
- MySpace
PONY THE PIRATE – WALK THE SHAME
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Reverend and the Makers
I skuggen av Artic Monkeys.
Det er ikkje nødvendigvis den flinkaste ungen i klassen som gjer det skarpt når det kjem til faktiske resultat etter endt utdanning. På same vis er det med musikk – det er ikkje nødvendigvis dei som kan gitargrepa best og orda utanboks som klatrar høgst på listene. Det engelske bandet Reverend an the Makers kunne lett vorte ein av desse. Heldigvis ville bransjen det annleis.
REVEREND AND THE MAKERS – OPEN YOUR WINDOW
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Vokalist og songskrivar Jon McClure var i heimbyen Sheffield allereie i ein alder av 25 ein traver på scena. Og han prøvde seg i både eitt og to live-band: Judan Suki og 1984. På eit tidspunkt vart han mest for ein mentor å rekne for Artic Monkeys-vokalist Alex Turner. Som ein kuriositet kan eg nemne at “1984″ vert nemnd i AM-songen “I Bet You Look Good On the Dance Floor”.
Men medan Turner og bandet hans vart populære over natta ved å følgje råda til McClure, tok det litt lenger for mentoren sjølv. Då då snøballen starta å rulle for Artic Monkeys, fekk den då arbeidsledige McClure tilbod frå eit plateselskap om å sette saman eit band med same grunnoppskrift som apekattane.
Han let vere. Og danna eit band slik hjartet og hovudet hans sjølv ville. Resultatet vart Reverend and the Makers, som speler ei blanding av dance, electronic og indie rock. 2005 vart året dei debuterte live – og året då dei fekk vere oppvarmarar for Artic Monkeys då dei turnerte.
Første singel i rekkja vart “Heavyweigt Champion of the World”, mai 2007. September same år kom debutplata “The State of Things”.
Reverend and the Makers på
- MySpace
- Verdsveven
Nytt og gamalt
I morgon, måndag 26. januar, slepper Franz Ferdinand det nye albumet sitt.
Har du MySpace-konto, kan du høyre nokre av songane deira allereie no. I same slengen kan eg informere om at det framover skal verte enklare, både for meg og deg, å halde oversikten over plateslepp.
Sjå opp til høgre på Knirkefritt, og du finn ei heilt ny side: “Plateslepp og konsertar“. Og den har, som sida indikerer, ein oversikt over komande plateslepp og konsertar. Genialt, kva? Eg kan sjølvsagt ikkje få med meg alt. Og når det kjem til konsertar vil eg naturlegvis ha mest fokus på Bergen, ettersom det er der eg sjølv bur.
I same oppdateringsfasen vil eg slette “Trudeluttarkiv”. Ikkje har eg oppdatert sida på lenge-lenge. Og ikkje har den eigentleg vore nyttig, etter at eg fekk eigen blogg å oppdatere musikktipsa mine på.
Så – kva seier det? Lurt eller surt?
0 kommentarerÅ oppdage eit oppløyst band
GLUECIFER har i dag gitt meg ei Oasis-oppleving.
Ei kva-oppleving?
Ei Oasis-oppleving. Då eg var lita kunne eg ikkje fordra Oasis. Dei laud ikkje godt i øyra mine. Men ein dag høyrte eg dei igjen, og tenkte: “Dette er jo faktisk veldig bra!”. Smaken min hadde plutseleg endra seg.
Mitt forhold til Gluecifer har ikkje utvikla seg på same vis, for eg har tydlegvis forveksla bandet med ein litt anna type musikk enn kva dei faktisk laga. Ved namnet “Gluecifer” tenkte eg metal, type Seppultura og Clawfinger. Men så kom eg plutseleg over “Desolate City” og “Easy Living” av Gluecifer, og tenkjer “er det slik dei høyres ut”?
GLUECIFER – EASY LIVING
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Gluecifer var ein gjeng bærumsgutar som flytta til og budde i Oslo. Dei spelte under dette bandnamnet frå 1994 til 2005, og så å sei alle platene deira vart tatt i mot med storm og jubel av kritikarane. Første vesle gjennombrotet fekk dei med vinylsingelen “God’s Chosen Dealer” i 1995.
Saman med svenske Hellacopters etablerte dei seg i 1997 som Skandinavias viktigaste hardrockband då dei lanserte plata “Ridin’ The Tiger”. Men sjølv om mannsgjengen starta tidleg på 90-talet, var det først i 2002 dei fekk stor suksess.
Singelen “Easy Living” var den første singelen dei ga ut med plateselskapet Sony i ryggen. Det vart òg den første singelen deira som sneik seg inn på VG-lista Topp 20. To gonger vart dei nominert til Spellemannsprisen. Og i det siste speleåret sitt, 2005, laga dei soundtrack til filmen Izzat. Songen heitte “Desolate City” og vart i etterkant av filmen sluppe som sjølvstendig singel.
Men dei braut altså opp. Vokalist Biff Malibu og Raldo Useless hadde, etter 11 år, mista motivasjonen for å halde fram. Altfor tidleg å avslutte noko så bra, tenkjer eg, når det først var i 2002 dei verkeleg fekk fart på spelinga.
Ettersom Gluecifer på sett og vis vert eit “nytt band” for min del, har eg heldigvis ein del plater og singlar å kose meg med no. Easy Living har i alle fall hekta meg i dag.
Gluecifer på MySpace.
Gluecifer si heimeside.
GLUECIFER – DESOLATE CITY
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Ny, gratis Kent-song
Det var julegåva som kom på etterskot, den ferskaste songen frå Kent. For eg oppdaga den ikkje før no nettopp. Songen “På Drift?” er spesialskriven for ein svensk anti-mobbekampanje til “Friends”. Filma av reklamebyrået Lowe Brindfors og Camp David. Regissør er Adam Berg. Og herlegdomen kan lastast ned gratis frå heimesida til Kent!
Først kampanjevideoen “Hålla käften”:
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Deretter originalen:
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
KENT – PÅ DRIFT?
Vi har väl inga hemligheter kvar
men det är så jävla fegt att ge sig av
Bohemerna, poeterna är svin
och On The Road den fånigaste skiten jag har läst
för Hjältar och Hjältinnor stannar kvar
med ryggen upp mot väggen
bara hud mot vassa eggen
och de rivs och slår och bits
för sina liv eller någon annans
de får ingen belöning
men de kräver ingenting
de bara gör biter ihop och håller käften
Älskling det vi mest av allt vill ha
är någonting som aldrig kan bli vårt
November är en mur av våt betong
där en löjlig dröm om flykt föds
för att krascha och sen dö
men Hjältar och Hjältinnor stannar kvar
De spottar hårt mot vinden
och de värmer våra händer
så vi inte tappar taget
om den kärlek vi har rätt till
De vågar tro och hoppas
på att någon däruppe ser oss
någon som hellre vill förlåta än fördöma oss
för något vi inte visste att vi gjort
För något vi inte visste att vi gjort.
För något vi inte visste att vi gjort
Coldplay – Life In Technicolor II
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Det er jaggu lenge mellom kvar gong eg kjem over ein så lur, kreativ, morosam og flott musikkvideo som dette. Godt jobba, Coldplay! Gler meg til å sjå dykk når de dukkar opp i Bergen til sommaren (staden er Koengen og tidspunktet er 19. august).
Nytt frå Röyksopp og U2
RÖYKSOPP – HAPPY UP HERE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Fekk nyss om den nye songen “Happy Up Here” frå Röyksopp via bloggen til Ingvild. Songen fekk eg såleis først høyre gjennom heimesida til Röyksopp. Og så – ved eit trylleslag – dukka plutseleg denne søte videoen opp på YouTube. Glede! No gjeld det berre å telje ned til platesleppet deira i mars då plata “Junior” kjem på platemarknaden.
Og så var det U2 då – som òg nyss har avslørt ein ny song på heimesidene sine. Hjartebarnet heiter “Get On Your Boots”, og er henta frå albumet “No Line On The Horizon”. Som òg kjem i mars (på videoen står det 27. februar, men.. det er kanskje for det amerikanske/engelske publikum?). Uansett: Mykje å glede seg til. Eg veit ikkje om eg er heilt overbegeistra for denne første singelen, men kanskje det berre er eit par ekstra gjennomspelingar som skal til?
U2 – GET ON YOUR BOOTS
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Logh – Death to my Hometown
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kven skulle ha trudd: Det går faktisk an å finne fin musikk i dataspel. Slik som i dette, der ein del av handlinga går ut på at Russland går til angrep på Noreg. Spelet heiter “World in Conflict Soviet Assault”. Og her har du Myspace-sida til svenske Logh.
Tipsar: Rolf
0 kommentarerTom McRae – My Vampire Heart
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.