Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Jan 24

Å oppdage eit oppløyst band

Emner: Kjappis,Presentasjon,Video | Tagger: 

GLUECIFER har i dag gitt meg ei Oasis-oppleving.

Ei kva-oppleving?

Ei Oasis-oppleving. Då eg var lita kunne eg ikkje fordra Oasis. Dei laud ikkje godt i øyra mine. Men ein dag høyrte eg dei igjen, og tenkte: “Dette er jo faktisk veldig bra!”. Smaken min hadde plutseleg endra seg.

Mitt forhold til Gluecifer har ikkje utvikla seg på same vis, for eg har tydlegvis forveksla bandet med ein litt anna type musikk enn kva dei faktisk laga. Ved namnet “Gluecifer” tenkte eg metal, type Seppultura og Clawfinger. Men så kom eg plutseleg over “Desolate City” og “Easy Living” av Gluecifer, og tenkjer “er det slik dei høyres ut”?

GLUECIFER – EASY LIVING
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

Gluecifer var ein gjeng bærumsgutar som flytta til og budde i Oslo. Dei spelte under dette bandnamnet frå 1994 til 2005, og så å sei alle platene deira vart tatt i mot med storm og jubel av kritikarane. Første vesle gjennombrotet fekk dei med vinylsingelen “God’s Chosen Dealer” i 1995.

Saman med svenske Hellacopters etablerte dei seg i 1997 som Skandinavias viktigaste hardrockband då dei lanserte plata “Ridin’ The Tiger”. Men sjølv om mannsgjengen starta tidleg på 90-talet, var det først i 2002 dei fekk stor suksess.

Singelen “Easy Living” var den første singelen dei ga ut med plateselskapet Sony i ryggen. Det vart òg den første singelen deira som sneik seg inn på VG-lista Topp 20. To gonger vart dei nominert til Spellemannsprisen. Og i det siste speleåret sitt, 2005, laga dei soundtrack til filmen Izzat. Songen heitte “Desolate City” og vart i etterkant av filmen sluppe som sjølvstendig singel.

Men dei braut altså opp. Vokalist Biff Malibu og Raldo Useless hadde, etter 11 år, mista motivasjonen for å halde fram. Altfor tidleg å avslutte noko så bra, tenkjer eg, når det først var i 2002 dei verkeleg fekk fart på spelinga.

Ettersom Gluecifer på sett og vis vert eit “nytt band” for min del, har eg heldigvis ein del plater og singlar å kose meg med no. Easy Living har i alle fall hekta meg i dag.

Gluecifer på MySpace.
Gluecifer si heimeside.

GLUECIFER – DESOLATE CITY
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

0 kommentarer

Ingen kommentarer enda - bli den første til å kommentere

Skriv en kommentar

Powered by WP Hashcash