Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Feb 24

Februarlista

Emner: Balsam, Cover, Kjappis, Speleliste, Video | Tagger: 

Janne frå Eid utfordra meg til å lage musikkliste. Og slikt tek eg jo på strak arm.

Men medan Janne 2 klarte å avgrense seg til 12 songar, måtte eg heve antal songar til 20. Utfordringa sender eg vidare til Kristin, Rolf og Sissel. De treng sjølvsagt ikkje gjere det like omstendeleg som meg, men heller lage ei liste, om de vil. Sånn. Då gyv eg laus!

FRANZ FERDINAND – KATHERINE KISS ME
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Når sant skal seiast vart eg umåteleg skuffa over det ferskaste albumet frå Franz Ferdinand. Mest ingen av songen på plata har framleis ein plass på iTunes hjå meg. Men denne. Heilt, heilt enkle songen synest eg er ei perle. Det er når eg høyrer slik enkel, men herleg gitarklimpring at eg sjølv får pågangsmot når det gjeld å lære meg dette instrumentet betre å kjenne.
Plata: “Tonight” (2009)

PENDULUM – PROPANE NIGHTMARES
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Ein fengande og kjapp song eg kom over via sida til Ronny. Pendulum er ei australsk gruppe med base i England. Danna i 2002. Lagar bass- og trommemusikk, eller som ein seier på engelsk “drum n base”. I 2005 hadde dei blant anna ein hit basert på ein remix av “Voodoo People”. Songen til Prodigy.
Plate: “In Silico” (2008)

PONY THE PIRATE – 777
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Dette bandet vart Årets Urørt – ein velfortent siger til ein gjeng med heilstøypt sound. Alle songane dei har til nedlasting på Urørt er absolutt verd å laste ned. Eg berre nemner det. Der finn du òg “Walk the Shame”, songen som dei vann konkurransen med. Folka speler i Bergen både i mars og april – og reiser sikkert innom ein stad nær deg òg i tida framover.
Plata: Kjem voneleg i februar/mars.

RÖYKSOPP – HAPPY UP HERE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Første singelen frå Röyksopp si komande plate. Likar du denne snedige songen bør du merke av 23. mars på kalenderen – då kjem “Junior” på marknaden.
Plata: “Junior” (2009)

THE MICROPOPS – MOONLIGHT
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Du hugsar kanskje Håkon Njøten frå Idol (Ikkje? Her har du eit klypp til å friske opp hugsen). Saman med blant andre eks-kjærasten Sofie, som òg er ein tidlegare deltakar i TV2-programmet, danna han nytt band. The Micropops. Ny musikk. Nytt image: Store briller, fargerike klede og flatt hår. Og bergensartistar likar vi jo, sjølvsagt. Høyr dei her, på Urørt. Håkon har utforma logoen til bandet, spelar og syng. Ein alt-mogleg-mann, kan man kanskje sige? Blandar herleg 60-talsmusikk med notidas.
Plata: “Nitendo or Devotion” (2008)

INGRID OLAVA – LES MONDES ENGLOUTIS
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kan songar til animasjonsseriar verte ein hit? Ja, absolutt! Og Ingrid Olava sin coverversjon av “Les Mondes Engloutis” er definitivt eit prov på det. Shagma, som den franske serien heiter, gjekk på NRK rundt 1990. Høyr originalen her. Attmed “Stars” er denne noko av det finaste som har kome frå Frøken Ingrid Olava.
Plata: Juliet’s Wishes (2008)

JOAKIM BERG – NÅT FÖR DOM SOM VÄNTAR
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kent-vokalisten Joakim Berg var ein av fleire svenskar som stilde opp då det var snakk om å lage ei plate med coverversjonar av verka til Olle Ljungström. Flaks for ihuga fans som meg, som gjerne seier “ja, takk!” til flest mogleg songar av fantastiske Berg. Ei herleg tolking. Originalen finn du her.
Plata: “Andra Sjunger Olle Ljungström” (2008)

THE HYLER TWINS – THE COOL SONG
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Mange coversongar her, merkar eg. Uansett – denne er verd å få med seg ettersom det er sjølvaste Sivert Høyem frå Madrugada som har tatt mikrofonen fatt saman med Cato “Salsa” Thomassen. Denne er henta frå plata som er dedikert til osloartisten St. Thomas som berre vart 31 år gamal.
Eller, som han frå 2005 av kalla seg, Saint Thomas.
Plata: “A Tribute to St. Thomas – A Walk With Me” (2008)

WHITE LIES – TO LOSE MY LIFE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Dei kjem frå London. Dei er tre. Og dei minner meg litt om både Glasvegas og Franz Ferdinand – men kanskje litt meir lik i dei snøgge rytmene til sistnemnde. Fengande er det i alle fall! Kjekt er det i tillegg å vete at dei kjenner til landet vårt og veit at Sverige ikkje er hovudstaden i Noreg, eller omvendt. Eller.. ettersom dei kjenner til Noreg via landskapsmotiv på vasar, er det ikkje godt å vere sikker på kva inntrykk dei står att med. Uansett: Til Europa kjem dei, trioen som er lista opp som eit forventa innslag i musikkåret 2009.
Plata: “To Lose My Life” (2009)

LAST DAYS OF APRIL – LOST AND FOUND
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Leit at eg ikkje fann ein betre video til dykk – men det viktigaste er jo at de får eit inntrykk av songen. Ikkje sant? Svensk og ung er han. Meir har eg ikkje tatt meg tid til å finne ut enno.
Plata: “Might As Well Live” (2007)

LILY ALLEN – FUCK YOU
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
“Fuck you. Fuck you very much.”. Eg elskar måten Lily Allen klarar å synge ganske krasse fornærmingar på ein såpass sukkersøt måte. Litt kjekt er det òg at det er utelukkande mannfolka som får gjennomgå. Tidlegare har ho jo blant anna tatt føre seg stakkarsen som er “Not Big” der det tel. Flott album – og det er framleis rykande ferskt, ettersom det kom ut i byrjinga av februar.
Plata: “It’s Not Me, It’s You” (2009)

ANGUS & JULIA STONE – PAPER AEROPLANE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Angus & Julia Stone er bror og syster frå Australia som har vorte duo. Resten let eg den engelske journalisten Johnny Sharp konstatere: “Most impressive, though, are the songs – simple but blindingly effective acoustic compositions, warm boy-girl harmonies and delicate, less-is-more arrangements. Resistance is surely futile.”
Plata: “Hôtel Costes X – Mixed by Stephane Pompougnac” (2007)

GRAND ISLAND – LOVE IN DECAY
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Eigentleg. Sånn heilt eigentleg. Så synest eg røysta til vokalisten er litt for spesiell for min smak. Men resten av songen er så tøff at den likevel er.. ja. God! Gode gitarar. God intro. Godt mellomspel. Nokon må gjerne covre denne! Indirekte tipsar: Ronny.
Plata: “Boys & Brutes” (2008)

VERONICA MAGGIO – MÅNDAGSBARN
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
I 2007 vart svensk-italienske Veronica Maggio “Årets nykomling” i Sverige på Grammisgalan. Og vi kjem nok til å høyre meir frå ho. (Legg merke til den gode bakgrunnssjekken eg har føretatt her.)
Plata: “Och vinnaren är…” (2008)

KINGS OF LEON – FANS
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kings of Leon er ikkje noko mindre enn fantastiske. Eg elskar røysta til vokalisten. Eg elskar stilen deira. Nettopp difor har eg, etter plata “Only by the Night”, gravd litt lengre bak i diskografien deira. Og fann denne fine songen.
Plata: “Because of the Times” (2007)

GNARLS BARKLEY – GOING ON
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Vi kan konstatere med ein gong at dette er ikkje verdas beste live-framføring. Men høyr songen i CD-kvalitet, og du vil forstå kvifor eg har plukka fram denne. Om den kanskje ikkje fakkar deg like fort som “Crazy” gjorde, så burde det ikkje vere langt i frå. Ein stor mann med ei stor og ven røyst.
Plata: “The Odd Couple” (2008)

.. og til slutt dei som ikkje hadde video:

GLUECIFER – YOU KEEP ME UP ALL NIGHT
I mangel av video kan du høyre songen på Myspace, her. God, god rock som diverre har stoppa opp i produksjon. Synd eg ikkje oppdaga dette bandet før etter det vart oppløyst. Sukk.

JOHNDOE MED HOPALONG KNUT – SITTER PÅ EN BOMBE
Ein av fleire gode songar frå plata der norske artistar hyllar Jokke og Valentinerne-vokalist, Joachim Nielsen. På same skive kan ein blant andre høyre Turboneger, Tungtvann og Klovner I Kamp. Coveren er om mogleg endå betre enn originalen.
Plate: “Det beste til meg og mine venner – en hyllest til Joachim Nielsen” (2005).

HOWL – NINETEENSEVENTYFIVE
Frå det norske bandet som står bak den fantastiske songen “Silver Equals Gold” kjem no “Nineteenseventyfive”, begge frå plata “Higher Class of Lush”. Ei plate som Bergens Tidende trilla til seks auge på terningen. Og eg er heilt samd. Howl har verkeleg forstått eitkvart som mange andre ikkje har forstått. De er rockefantastiske! Stikk innom Urørt-sida deira då?
Plata: “Higher Class of Lush” (2008)

SKAMBANKT – FEIL
Har diverre ingen god nok musikkvideo eller konsertklypp liggande på nettet. På Myspace ligg den heller ikkje. I alle fall: Dette er eit knippe av folka frå Kaizers Orkestra. Siddissynging, passeleg hardt og i alle fall veldig fengande. Hadde det ikkje vore for at eg fekk øyresus av det høge volumet på Hulen, hadde konsertopplevinga mi vore utelukkande positiv. Du har nok høyrt dei med singelen “Malin”.
Plata: “Hardt Regn” (2009)

0 kommentarer

Ingen kommentarer

  1. rolfa 24 February 2009 22:40

    Shit, litt å lev opp t her. My bra musikk som blir anbefalt:)

    Æ ska sjå ka æ klare å plundre fram:D

  2. Mad Mullah Hastur 24 February 2009 23:37

    Heh, Ingrid Olava sin cover le monde engloutis var morosam nok, men eg trur eg foretrekk originalen altså.

  3. janne 24 February 2009 23:49

    Rolf: Ja, no er eg spent! (:
    Hastur: Pft. Hurra for Ingrid Olava og musikken hennar!

  4. janne 25 February 2009 22:11

    Skambankt består av fire tullinger, men bare én er fra Kaizers-ensemblet, gitarist Terje Vinterstø aka Ted Winters ;) Resten er skrapa sammen fra både Klepp og Hammerfest – og de spiller her på fredag! Juhu!

    Forøvrig fin liste!

  5. Janne i trykken 26 February 2009 11:35

    Fire tullingar, faktisk? (: Eg sjekka vel igrunn ikkje opp infoen der, nei. Visste berre at -nokon- frå Kaizers var med i Skambankt. Men greitt å få det på det reine!

    Konsert med Skambankt er ein lur idé! Anbefalast. Elles tok det litt tid før eg forstod at det ikkje var eg som hadde skrive siste kommentaren her (; Og takk for ros! Godt at lista vert verdsett, ettersom det er litt arbeid med den.

Skriv en kommentar

Powered by WP Hashcash