Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Arkiv for emne 'Bloggen'

Nytt og gamalt

25 January 2009 | Emne: Bloggen | Tagger: 

I morgon, måndag 26. januar, slepper Franz Ferdinand det nye albumet sitt.

Har du MySpace-konto, kan du høyre nokre av songane deira allereie no. I same slengen kan eg informere om at det framover skal verte enklare, både for meg og deg, å halde oversikten over plateslepp.

Sjå opp til høgre på Knirkefritt, og du finn ei heilt ny side: “Plateslepp og konsertar“. Og den har, som sida indikerer, ein oversikt over komande plateslepp og konsertar. Genialt, kva? Eg kan sjølvsagt ikkje få med meg alt. Og når det kjem til konsertar vil eg naturlegvis ha mest fokus på Bergen, ettersom det er der eg sjølv bur.

I same oppdateringsfasen vil eg slette “Trudeluttarkiv”. Ikkje har eg oppdatert sida på lenge-lenge. Og ikkje har den eigentleg vore nyttig, etter at eg fekk eigen blogg å oppdatere musikktipsa mine på.

Så – kva seier det? Lurt eller surt?

0 kommentarer

Abonner på kommentarar

06 December 2008 | Emne: Bloggen | Tagger: , ,

No kan de få varsling via e-post når eg/andre har svart på eit innlegg du har kommentert på bloggen min. Huk berre av i den vesle firkanten i botn av kommentarfeltet.

- Janne

0 kommentarer

I-bås-setjing

23 February 2008 | Emne: Bloggen

kuwabongaKategori, kategora. I dag har eg systematisert bloggen min.

Knirkefritt har ikkje vakse seg stor og sterk. Det er derfor eg no tek innskjerpingane på førehand. Eg har dimed delt innlegga inn i åtte kategoriar. Såleis skal lesarne lettare kunne finne fram i mylderet, og på den måten bruke bloggen på den måten dei sjølv vil. Måtte det vere å berre kopiere spelelister, berre lese presentasjonar av artistar eller berre sjå videoar.

Kategoriane er som følgjer:

  • Balsam og Kjappis: Kjappe eller rolege songar.
  • Bloggen: Informasjon og pjatt som har med Knirkefritt å gjere.
  • Cover: Cover-songar. Det er artig å grave fram og samanlikne forskjellege versjonar.
  • Musikkprat: Alt som fell utanfor dei andre kategoriane. Synsing og skriving.
  • Presentasjon: Ei innføring i bakgrunnen og musikken til ein artist eller eit band.
  • Speleliste: Ei kjapp liste med songar.
  • Video: Innlegg som inkluderer video.
  • Fleire kategoriar kjem kanskje til etterkvart. Elles kjem eg til å lage merkelappar (les: tag-ar) på band/artistnamn og album. Er du over-ivrig på ny musikk, kan du no sjå kva songar eg nyleg har spelt. Det gjer du på denne sida.

    0 kommentarer

    Musikkbloggen Knirkefritt

    10 February 2008 | Emne: Bloggen
      musikk

    Knirkefritt. Musikkbloggen Knirkefritt.

    Ei stykk Janne hadde ein stykk blogg via “janne i trykken“. Ei stykk Janne brukte bloggen sin til å skrive personlege tekstar, ispedd nokre lange lister med songar lesarane burde høyre. Etterkvart fant ho såpass mange nye perler, at eit innlegg i månaden strengt tatt ikkje vart nok. Det heile resulterte i denne bloggen: Knirkefritt. For når ting går knirkefritt, har ein ikkje mykje på klage på. Det er beint fram bra. Når ein då døyper ein musikkblogg til “Knirkefritt“, kan du fullføre tankeprosseen om kva eg har sett føre meg om dette bloggprosjektet.

    Eg er ikkje glad i å tigge til meg omtale. Men eg håpar at folk etterkvart som dei finn ut at dei kanskje likar det eg syslar med her inne, sponsar meg med ein liten lenk på bloggen sin. Eventuelt tipsar andre om sida. Per no er den totalt ukjend.

    Når det er sagt: La meg hoppe rett i publiseringa av det første innlegget!

    0 kommentarer