Arkiv for emne 'Musikkprat'
Lappsong
MARI BOINE – ELLE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Det starta med Studvest, og slutta med reklamesongen til polarbrød.
Via mi kjappe gjennomsurfing av vekas ferske Studvest, kom eg over ein artikkel om samar. Førre fredag, 6. februar, var nemleg festdagen til samane. Ja, for det heiter ikkje “nasjonaldag”. Det lærte eg i den same teksten.
Fascinerande var det òg å lære korleis samane får sine personlege joikar gjennom livet. I utgangspunktet tre i talet. Ein som born. Ein som ungdom. Og ein som vaksen. Alle følgjer dei deg livet ut.
Tanken på joik førte meg vidare inn på Youtube for å søkje. Etter nettopp “joik”. Eg fant ein ven godnattsong som heiter “Boares Gietkka” av Ulla Pirttijärvi. Deretter fann eg fram til Mari Boine, som har ein fantastisk song som høyrer til den like fantastiske filmen “Kautokeino-opprøret”. Mari Boine førte meg vidare til ein song som eg plutseleg kjende att. Frå polarbrødreklamen på fjernsynet. Finurleg korleis krumspring i toppetasjen gjer at du plutseleg finn slike ting på nettet.
SOFIA JANNOK & ANNA KÄRRSTEDT – DU CALMMIT
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
White Lies – To Lose My Life
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Dei kjem frå London. Dei er tre. Og dei minner meg litt om både Glasvegas og Franz Ferdinand – men kanskje litt meir lik i dei snøgge rytmene til sistnemnde. Fengande er det i alle fall!
Kjekt er det i tillegg å vete at dei kjenner til landet vårt og veit at Sverige ikkje er hovudstaden i Noreg, eller omvendt. Eller.. ettersom dei kjenner til Noreg via landskapsmotiv på vasar, er det ikkje godt å vere sikker på kva inntrykk dei står att med. Uansett: Til Europa kjem dei, trioen som er lista opp som eit forventa innslag i musikkåret 2009.
Debutalbumet, som dei presenterte i 2008, har fått same namn som debutsingelen: To Lose My Life.
Kommentarer er stengt for denne postenNy, gratis Kent-song
Det var julegåva som kom på etterskot, den ferskaste songen frå Kent. For eg oppdaga den ikkje før no nettopp. Songen “På Drift?” er spesialskriven for ein svensk anti-mobbekampanje til “Friends”. Filma av reklamebyrået Lowe Brindfors og Camp David. Regissør er Adam Berg. Og herlegdomen kan lastast ned gratis frå heimesida til Kent!
Først kampanjevideoen “Hålla käften”:
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Deretter originalen:
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
KENT – PÅ DRIFT?
Vi har väl inga hemligheter kvar
men det är så jävla fegt att ge sig av
Bohemerna, poeterna är svin
och On The Road den fånigaste skiten jag har läst
för Hjältar och Hjältinnor stannar kvar
med ryggen upp mot väggen
bara hud mot vassa eggen
och de rivs och slår och bits
för sina liv eller någon annans
de får ingen belöning
men de kräver ingenting
de bara gör biter ihop och håller käften
Älskling det vi mest av allt vill ha
är någonting som aldrig kan bli vårt
November är en mur av våt betong
där en löjlig dröm om flykt föds
för att krascha och sen dö
men Hjältar och Hjältinnor stannar kvar
De spottar hårt mot vinden
och de värmer våra händer
så vi inte tappar taget
om den kärlek vi har rätt till
De vågar tro och hoppas
på att någon däruppe ser oss
någon som hellre vill förlåta än fördöma oss
för något vi inte visste att vi gjort
För något vi inte visste att vi gjort.
För något vi inte visste att vi gjort
Nytt frå Röyksopp og U2
RÖYKSOPP – HAPPY UP HERE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Fekk nyss om den nye songen “Happy Up Here” frå Röyksopp via bloggen til Ingvild. Songen fekk eg såleis først høyre gjennom heimesida til Röyksopp. Og så – ved eit trylleslag – dukka plutseleg denne søte videoen opp på YouTube. Glede! No gjeld det berre å telje ned til platesleppet deira i mars då plata “Junior” kjem på platemarknaden.
Og så var det U2 då – som òg nyss har avslørt ein ny song på heimesidene sine. Hjartebarnet heiter “Get On Your Boots”, og er henta frå albumet “No Line On The Horizon”. Som òg kjem i mars (på videoen står det 27. februar, men.. det er kanskje for det amerikanske/engelske publikum?). Uansett: Mykje å glede seg til. Eg veit ikkje om eg er heilt overbegeistra for denne første singelen, men kanskje det berre er eit par ekstra gjennomspelingar som skal til?
U2 – GET ON YOUR BOOTS
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Lily Allen – The Fear
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Det er ikkje så ofte eg høyrer på Radioresepsjonen – men ettersom eg vert litt påverka av miljøet rund meg – har eg altså programmet på podcast. Flaks – elles hadde eg jo ikkje hatt forstyrrande kunnskap – som til dømes at Lily Allen har tre brystvorter. Bonus-brystvorter eller ei, songen “The Fear” er i alle fall meir enn berre grei!
Hjelp! Eg finn ikkje songen.
Det kan vere irriterande nok å vere hekta på ein song. Endå meir irriterande er det å vere hekta på ein song du ikkje klarar å få tak i.
Eg har leita. Eg har slitt. Eg har søkt. Eg har lasta ned. Utan spesielt mykje hell. Songen er rett og slett berre utruleg vanskeleg å finne. Men den eksisterer! Det gjeld berre å vere disiplinert nok. Og kanskje heldig nok med torrent-adressa, eller nettsøket. For det er heilt klårt folk som har songen. Det har eg sett på last.fm sine sider. Men der kan ein altså ikkje laste ned frå.
Kva eg snakkar om? Ein svensk visesong, framført av ei amerikansk (!) gruppe som var poppis på 1940-talet.
Det heile byrja då eg såg “Salmer fra kjøkkenet” (2003). Ein utruleg koseleg norsk film av Bent Hamer. Ein film der kjøkenvanane til einslege nordmenn vert analysert via svenskar som sit på pidestall i heimen. La meg vise deg litt av filmen, slik at du forstår kva eg snakkar om.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Songen eg siktar til, er rettnok ikkje med i dette klyppet, men du skal få høyre den. Snart. Saka er den at eg har gått og nynna på denne trudelutten i tide og utide. Då eg såg filmen sist, og igjen fekk dilla, gav eg opp leitinga. Denne gongen har eg faktisk funne den – men ikkje heile songen. Av ein eller annan grunn vil programmet at eg ikkje skal få meir enn fire prosent inn på maskina mi. Så, lenger kom eg ikkje. Men eg reknar med du er nyfiken på korleis den høyres ut no. Ja, songen altså. Så la oss hoppe rett på sak.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
The Delta Rhythm Boys – Flickorna i Småland
Etter Delta-gruppa hadde gjennomført den første turen til Europa, hadde dei ein konsert i Stockholm, og seinare London. Deretter spelte dei inn plate med ei rekkje svenske visesongar. På svensk. For Metronome Records. Dei spelte òg inn nokre finske visesongar. Språkkyndige hitmakarar, med andre ord. Ryktet skal ha det til at gruppa er ein av dei som har hatt flest songar inkludert i film – totalt 15 gongar frå tidleg på 1940-talet til 1956.
La oss sjå og høyre eit siste klypp. Av ein av dei, kanskje mest populære, framføringa deira. Morosam er den jo òg, om du høyrer på teksten. Som ein kuriositet er dette bortimot den einaste songen eg har fått tilsendt frå Hastur som eg ikkje har sletta eit minutt etterpå.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
The Delta Rhythm Boys – Dry Bones
Det er i alle fall utruleg fengande med den amerikanske “schwongen” på den svenske trudelutten. For det er den eg vil ha. Den festar seg lett til knollen. I filmen vert melodien blant anna snurranår den artige svenske observatøren, Sixten, sit i campingvogna si og et sild.
Så, kjære lesar. Eg håpar du likte songen såpass godt at du kanskje vil hjelpe meg med å få tak i den. I neste rekkje kan du leggje att ein kommentar, slik at vi kan utveksle e-postadresser. Denne vil eg verkeleg ha! “Vinnaren” kunne jo kanskje fått tilbod om filmkveld med overnemnde saman med underteikna. Med mindre du bur usentralt. Og ikkje er snill, sjølvsagt.
Sist, men ikkje minst. Her er teksten.
FLICKORNA I SMÅLAND
Melodi: Fridolf Lundberg – Tekst: Karl Williams
På lingonröda tuvor och på villande mo
där furuskogen susar susilull och susilo.
Där kan du se dem, en och en och stundom två och två,
på lingonröda tuvor komma dansande på tå.
Det är flickorna i Småland,
det är flickorna från mon.
Det är flickorna som vallmoblom
och lila och pian.
Ja, det är flickorna i Småland, susilull och susilo,
som gå vallande och trallande på villande mo.
Och går du ut på vägarna, du gångande sven,
ja, går du ut i världen för att söka dig en vän,
och frågar du och spörjer, susilull och susilo,
var månn’ i hela världen de bästa flickor bo.
Det är flickorna i Småland …
Och vänder du dig spörjande att få den gåtan löst,
och vänder du dig sörjande mat väster och mat öst,
då skall du höra vindens susilull och susilo
dig svara var i världen de bästa flickor bo.
Det är flickorna i Småland …
4 kommentarerThe Saturday Knights – Dog Park
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Foto-Åse står klar med fotoboksen og knipsar til den store gullmedaljen. Radiokvinnene står bak DJ-bordet med dei store platene, og vert beordra om å sette på litt musikk slik at det vert litt meir schwung over det heile. Og den første songen som strøymer ut av høgtalarane er denne. The Saturday Knights – Dog Park (ber over med meg for den dårlege lydkvaliteten – det var ikkje andre eksemplar på Youtube å få fatt i). Etterpå var det min tur til å notere ord og vendingar til neste utgåve av Studvest.
I natt slo det meg at om eg hadde vore lur, skulle eg jo absolutt ha slengt meg inn i Studentradioen i Bergen, no når dei skal få fleire folk. Det trykte mediet har eg etterkvart mykje erfaring med. Og det er nettopp radio-mediet som har gjort at eg har bestemt meg for å søkje på Nynorsk mediesenter i Førde til neste år.
Haka vert derimot at det, når eg etterkvart får jobb, kanskje vert for vanskeleg å kombinere opplæring i radio-sysler.. Eg burde vel eigentleg tenkt tanken før. Sukk.
0 kommentarerSanndrøymd?
Vert konsertdraumen min endeleg røyndom?
Eg har hatt det i tankane: Kent og U2 er to band eg skal sjå live på eit eller anna tidspunkt. No har eg sett svenskane spele i både Trondheim og Bergen. No ser det kanskje ut som om mi iherdige kryssing av fingrar endeleg har lønna seg, ettersom Bergen Live ifølgje BA blant anna diskuterer U2 som kandidatar til å invitere til Koengen/Brann stadioen for å spele. Til hausten kjem rockebandet ut med ny plate. Eg gler meg!
0 kommentarerMetallica-ahaha!

Gjett kven som er klar for konsert i kveld?
Det var i ein periode. Ein periode då gutane på ungdomsskulen spelte desse mørke tonane til desse mørke musikarane frå Amerika, at entusiasmen deira smitta over. Sjølv på meg. Med litt tid og ettertanke spelar eg på ny musikken deira. Men med ein heilt annan grunn. Den vert spelt fordi den er tidlaus. Fordi den held seg. Fordi det er sving, svung, svong og alt som trengt i mange av songane deira. Klassiske songar som kjem til å verte spelt og spelt og spelt og spelt.
I kveld spelar dei på Koengen i Bergen. Og eg er glad for at eg skal få æra av å høyre dei.
Noko seier meg at eg har all grunn til å glede meg til å høyre oppvarmingsbanda The Sword og Down òg. Metallica har sjølv plukka ut banda til å hjelpe dei på denne einaste konserten dei spelar i Skandinavia i denne omgang.
0 kommentarerKuren mot stemmeskifte
Mang ein liten gutekvalp skulle gjerne ha snike seg unna det usympatiske stemmeskiftet. Hadde dei tydd til drastiske metodar kunne dei unngått mang ei flause – og i tillegg vorte songar.
Ein har høyrt forklaringa så altfor mange gongar før: Alt var så utruleg mykje betre i gamle dagar. Og dess lenger ein bles støv bak i arkivene, dess betre er det .. Underhaldingsverdien er der i alle fall.
I Italia og Spania hadde ein heilt eigne, drastiske metodar for å dyrke fram unge gutetalent innanfor songarmiljøet. På 1400-talet var der nokre glupe hovud som fant ut at om ein kastrerte gutane før dei rakk å vippe over i stemmeskiftet, ville dei med streng songtrening, få lungevolumet til ein mann og guteversjonen av alt- eller sopran. Metoden dyrka fram ein til då ukjend og framifrå syngeteknikk.
Dei såkalla “kastratsongarane” vart sett spesielt pris på innanfor kyrkjemusikken og i kvinnelege roller i operaen. Her hadde ein enno ikkje opna dørene for kvinnelege songarar. I staden for ty til ordet “likestilling”, som då var eit framandord, valgte dei altså å heller å fjerne testikklane på unge gutar .. Denne typen operasjonar heldt fram heilt til 1700-talet. Kastratsongarar var likevel noko ein kunne snuble over utover 1800-talet, fram til denne typen operasjonar vart forbode i 1870. Italia var det siste landet som med lova gjor kastratoperasjonar ulovleg.
Elles kan ein jo nemne at den siste ekte kastratsongaren levde eit godt stykke inn i det tjuande århundret. Alessandro Moreschi døydde først i 1922. Han var solist i Det sixtinske kapellkoret heilt fram til 1913. I ettertid vart desse røystene oftast sunge av kvinnelege songarar. Ein gang på midten av 1900-talet vart det til att mannfolk sjølv tydde til stemmebandet. Med rett teknikk klarte dei å synge i dei lysaste toneleiene. Dei går under paraply-omgrepene countertenor, kontratenor eller mannleg alt.
Før Moreschi kraup under jorda skreiv han seg sjølv inn i historia ved å verte den einaste opphavsmannen til grammofoninnspeling av kastratsynging. Med grammofon som innspelingsmetode, fekk opptaket, vittig nok, ein litt spesiell kvalitet .. Høyr tolkinga hans av Domine Salvum og Ave Marie på slutten av innlegget, og du kjem til å forstå kvifor eg får frysningar på ryggen. Ikkje nødvendigvis fordi det er spesielt vakkert, men fordi eg tenkjer på kva ein har gjort mot stakkars guten for at han skulle synge som ei jente.
Skiljet mellom den høgaste og lågaste tonen kastratsongarar meistra, var som regel større enn hjå ikkje-kastrerte songarar. Operasjonane hadde, som så mykje anna innan drastiske medisinske metodar, nokre kjedelege biverknader. Songarane fekk ei spesiell kroppsform: Over gjennomsnittlege høge. Lange fingrar og tær. Smale armar og overkropp – i tillegg eit par hofte som var litt breiare enn hjå mannfolka. Kor tydelege desse trekka var, vart avgjort ut i frå kor langt dei hadde kome i utviklinga då dei vart kastrerte. Var det for å sleppe stemmeskiftet gutane hadde kastrert seg, ville dei med desse sjarmerande trekkene nok uansett ha vorte eit mobbeoffer ..
Gutar skal nok vere glad for at dei får ha stemmeskifte i den korte perioden det gjeld. No veit dei i alle fall kva effekt det ville hatt for kroppen, om dei ikkje hadde fått brytningane i røysta.
1 kommentar
