Arkiv for emne 'Speleliste'
Februarlista
Janne frå Eid utfordra meg til å lage musikkliste. Og slikt tek eg jo på strak arm.
Men medan Janne 2 klarte å avgrense seg til 12 songar, måtte eg heve antal songar til 20. Utfordringa sender eg vidare til Kristin, Rolf og Sissel. De treng sjølvsagt ikkje gjere det like omstendeleg som meg, men heller lage ei liste, om de vil. Sånn. Då gyv eg laus!
FRANZ FERDINAND – KATHERINE KISS ME
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Når sant skal seiast vart eg umåteleg skuffa over det ferskaste albumet frå Franz Ferdinand. Mest ingen av songen på plata har framleis ein plass på iTunes hjå meg. Men denne. Heilt, heilt enkle songen synest eg er ei perle. Det er når eg høyrer slik enkel, men herleg gitarklimpring at eg sjølv får pågangsmot når det gjeld å lære meg dette instrumentet betre å kjenne.
Plata: “Tonight” (2009)
PENDULUM – PROPANE NIGHTMARES
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Ein fengande og kjapp song eg kom over via sida til Ronny. Pendulum er ei australsk gruppe med base i England. Danna i 2002. Lagar bass- og trommemusikk, eller som ein seier på engelsk “drum n base”. I 2005 hadde dei blant anna ein hit basert på ein remix av “Voodoo People”. Songen til Prodigy.
Plate: “In Silico” (2008)
PONY THE PIRATE – 777
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Dette bandet vart Årets Urørt – ein velfortent siger til ein gjeng med heilstøypt sound. Alle songane dei har til nedlasting på Urørt er absolutt verd å laste ned. Eg berre nemner det. Der finn du òg “Walk the Shame”, songen som dei vann konkurransen med. Folka speler i Bergen både i mars og april – og reiser sikkert innom ein stad nær deg òg i tida framover.
Plata: Kjem voneleg i februar/mars.
RÖYKSOPP – HAPPY UP HERE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Første singelen frå Röyksopp si komande plate. Likar du denne snedige songen bør du merke av 23. mars på kalenderen – då kjem “Junior” på marknaden.
Plata: “Junior” (2009)
THE MICROPOPS – MOONLIGHT
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Du hugsar kanskje Håkon Njøten frå Idol (Ikkje? Her har du eit klypp til å friske opp hugsen). Saman med blant andre eks-kjærasten Sofie, som òg er ein tidlegare deltakar i TV2-programmet, danna han nytt band. The Micropops. Ny musikk. Nytt image: Store briller, fargerike klede og flatt hår. Og bergensartistar likar vi jo, sjølvsagt. Høyr dei her, på Urørt. Håkon har utforma logoen til bandet, spelar og syng. Ein alt-mogleg-mann, kan man kanskje sige? Blandar herleg 60-talsmusikk med notidas.
Plata: “Nitendo or Devotion” (2008)
INGRID OLAVA – LES MONDES ENGLOUTIS
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kan songar til animasjonsseriar verte ein hit? Ja, absolutt! Og Ingrid Olava sin coverversjon av “Les Mondes Engloutis” er definitivt eit prov på det. Shagma, som den franske serien heiter, gjekk på NRK rundt 1990. Høyr originalen her. Attmed “Stars” er denne noko av det finaste som har kome frå Frøken Ingrid Olava.
Plata: Juliet’s Wishes (2008)
JOAKIM BERG – NÅT FÖR DOM SOM VÄNTAR
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kent-vokalisten Joakim Berg var ein av fleire svenskar som stilde opp då det var snakk om å lage ei plate med coverversjonar av verka til Olle Ljungström. Flaks for ihuga fans som meg, som gjerne seier “ja, takk!” til flest mogleg songar av fantastiske Berg. Ei herleg tolking. Originalen finn du her.
Plata: “Andra Sjunger Olle Ljungström” (2008)
THE HYLER TWINS – THE COOL SONG
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Mange coversongar her, merkar eg. Uansett – denne er verd å få med seg ettersom det er sjølvaste Sivert Høyem frå Madrugada som har tatt mikrofonen fatt saman med Cato “Salsa” Thomassen. Denne er henta frå plata som er dedikert til osloartisten St. Thomas som berre vart 31 år gamal.
Eller, som han frå 2005 av kalla seg, Saint Thomas.
Plata: “A Tribute to St. Thomas – A Walk With Me” (2008)
WHITE LIES – TO LOSE MY LIFE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Dei kjem frå London. Dei er tre. Og dei minner meg litt om både Glasvegas og Franz Ferdinand – men kanskje litt meir lik i dei snøgge rytmene til sistnemnde. Fengande er det i alle fall! Kjekt er det i tillegg å vete at dei kjenner til landet vårt og veit at Sverige ikkje er hovudstaden i Noreg, eller omvendt. Eller.. ettersom dei kjenner til Noreg via landskapsmotiv på vasar, er det ikkje godt å vere sikker på kva inntrykk dei står att med. Uansett: Til Europa kjem dei, trioen som er lista opp som eit forventa innslag i musikkåret 2009.
Plata: “To Lose My Life” (2009)
LAST DAYS OF APRIL – LOST AND FOUND
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Leit at eg ikkje fann ein betre video til dykk – men det viktigaste er jo at de får eit inntrykk av songen. Ikkje sant? Svensk og ung er han. Meir har eg ikkje tatt meg tid til å finne ut enno.
Plata: “Might As Well Live” (2007)
LILY ALLEN – FUCK YOU
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
“Fuck you. Fuck you very much.”. Eg elskar måten Lily Allen klarar å synge ganske krasse fornærmingar på ein såpass sukkersøt måte. Litt kjekt er det òg at det er utelukkande mannfolka som får gjennomgå. Tidlegare har ho jo blant anna tatt føre seg stakkarsen som er “Not Big” der det tel. Flott album – og det er framleis rykande ferskt, ettersom det kom ut i byrjinga av februar.
Plata: “It’s Not Me, It’s You” (2009)
ANGUS & JULIA STONE – PAPER AEROPLANE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Angus & Julia Stone er bror og syster frå Australia som har vorte duo. Resten let eg den engelske journalisten Johnny Sharp konstatere: “Most impressive, though, are the songs – simple but blindingly effective acoustic compositions, warm boy-girl harmonies and delicate, less-is-more arrangements. Resistance is surely futile.”
Plata: “Hôtel Costes X – Mixed by Stephane Pompougnac” (2007)
GRAND ISLAND – LOVE IN DECAY
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Eigentleg. Sånn heilt eigentleg. Så synest eg røysta til vokalisten er litt for spesiell for min smak. Men resten av songen er så tøff at den likevel er.. ja. God! Gode gitarar. God intro. Godt mellomspel. Nokon må gjerne covre denne! Indirekte tipsar: Ronny.
Plata: “Boys & Brutes” (2008)
VERONICA MAGGIO – MÅNDAGSBARN
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
I 2007 vart svensk-italienske Veronica Maggio “Årets nykomling” i Sverige på Grammisgalan. Og vi kjem nok til å høyre meir frå ho. (Legg merke til den gode bakgrunnssjekken eg har føretatt her.)
Plata: “Och vinnaren är…” (2008)
KINGS OF LEON – FANS
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Kings of Leon er ikkje noko mindre enn fantastiske. Eg elskar røysta til vokalisten. Eg elskar stilen deira. Nettopp difor har eg, etter plata “Only by the Night”, gravd litt lengre bak i diskografien deira. Og fann denne fine songen.
Plata: “Because of the Times” (2007)
GNARLS BARKLEY – GOING ON
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Vi kan konstatere med ein gong at dette er ikkje verdas beste live-framføring. Men høyr songen i CD-kvalitet, og du vil forstå kvifor eg har plukka fram denne. Om den kanskje ikkje fakkar deg like fort som “Crazy” gjorde, så burde det ikkje vere langt i frå. Ein stor mann med ei stor og ven røyst.
Plata: “The Odd Couple” (2008)
.. og til slutt dei som ikkje hadde video:
GLUECIFER – YOU KEEP ME UP ALL NIGHT
I mangel av video kan du høyre songen på Myspace, her. God, god rock som diverre har stoppa opp i produksjon. Synd eg ikkje oppdaga dette bandet før etter det vart oppløyst. Sukk.
JOHNDOE MED HOPALONG KNUT – SITTER PÅ EN BOMBE
Ein av fleire gode songar frå plata der norske artistar hyllar Jokke og Valentinerne-vokalist, Joachim Nielsen. På same skive kan ein blant andre høyre Turboneger, Tungtvann og Klovner I Kamp. Coveren er om mogleg endå betre enn originalen.
Plate: “Det beste til meg og mine venner – en hyllest til Joachim Nielsen” (2005).
HOWL – NINETEENSEVENTYFIVE
Frå det norske bandet som står bak den fantastiske songen “Silver Equals Gold” kjem no “Nineteenseventyfive”, begge frå plata “Higher Class of Lush”. Ei plate som Bergens Tidende trilla til seks auge på terningen. Og eg er heilt samd. Howl har verkeleg forstått eitkvart som mange andre ikkje har forstått. De er rockefantastiske! Stikk innom Urørt-sida deira då?
Plata: “Higher Class of Lush” (2008)
SKAMBANKT – FEIL
Har diverre ingen god nok musikkvideo eller konsertklypp liggande på nettet. På Myspace ligg den heller ikkje. I alle fall: Dette er eit knippe av folka frå Kaizers Orkestra. Siddissynging, passeleg hardt og i alle fall veldig fengande. Hadde det ikkje vore for at eg fekk øyresus av det høge volumet på Hulen, hadde konsertopplevinga mi vore utelukkande positiv. Du har nok høyrt dei med singelen “Malin”.
Plata: “Hardt Regn” (2009)
Nyoppdagingar på ein fredag
iTunes leiter fram musikk som liknar på den eg allereie har. Og vips: Nye oppdagingar er berre eit par klikk unna. La meg presentere nokre av funna mine for dagen.
LAST DAYS OF APRIL – WHO’S ON THE PHONE?
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Søt video frå ein ung svenske. Eigentleg var det den rolege “Lost and Found” eg fann – men ettersom den ikkje hadde noko god video, vart det denne. Men sjekk gjerne ut “ballada” òg.
THE WOMBATS – KILL THE DIRECTOR
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
PS! Likar du The Wombats, bør du seriøst vurdere å skaffe heile plata “A Guide to Love, Loss & Desperation”. Den er god!
JOAKIM BERG – NÅT FÖR DOM SOM VÄNTAR
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Endå meir Kent-musikk! Her syng vokalisten Joakim Berg på plata “Andra sjunger Olle Ljungström”.
JOHN FRUSCIANTE – MURDERERS
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Frå gitaristen med tilknyting til The Red Hot Chili Peppers.
GLASS PEAR – LAST DAY OF YOUR LIFE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
ANGUS & JULIA STONE – PAPER AEROPLANE
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Som høyrt på reklame-fjernsynet. Tipsar: Kristin.
Liste-listing
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Klaxons – It’s Not Over Yet
Frå plata ”Myths of the Near Future”. Nok eit brite-band med særpreg. Har imidlertid berre høyrt ein song med dei frå før av: ”Golden Skans”.
Mark Ronson – Valerie
Du som har radioen på dag ut og dag inn er nok så ufatteleg lei denne songen at du knapt har ord for det. Men. Eg er ikkje ein flittig radiolyttar, og har difor nettopp fått dilla på denne fengande gladsongen med vokal av Amy Winehouse.
Queens of the Stone Age – Make It With Chu
Det er langt mellom songane frå Queens of the Stone Age som eg faktisk likar, uansett kor varmt ein viss Jon omtalar ”The Mosquito Song”. Den vert ikkje betre i mine øyrer av den grunn. Make It With Chu er derimot eit hederleg unntak, i tillegg til ”No One Knows” som frå før av ligg i trudeluttarkivet.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
The Cure – Close To Me + Just Like Heaven
Dette er to gladsongar du garantert har høyrt tidlegare, men ikkje nødvendigvis har fått med deg at det er nettopp ”The Cure” som står bak. Gæmlisane fekk først ut ei sampleplate i 2001 der desse to godbitane var inkludert. ”Just Like Heaven” kan ein blant anna høyre i bakgrunnen på den nye norske filmen ”Mannen Som Elsket Yngve”. Ein glimrande film med mykje finurleg musikk.
Ghosts – The World is Outside
Ghosts er eit britisk pop-band som i 2007 debuterte med albummet ”The World is Outside”. Tilbakelent pop med ein herleg britisk aksent. Nokre samanliknar dei delvis med Coldplay og Keane. Eg forstår kvad ei meiner, men treng ikkje nødvendigvis vere spesielt einige med dei. Coldplay ligg nok ein del hakk over desse, sjølv om songen ”The World is Outside” er knas.
Feist – 1 2 3 4 + My Moon My Man
Av den svenske bloggen ”Musikbyrån”, vart Feist sitt album ”The Reminder” rangert som det beste albummet i 2007. Og det med god grunn. Alle songane på skiva er herlege, spesielle, rolege, nydelege. Ja. Noko heilt for seg sjølv. Har du ikkje høyrt spesielt mykje til Feist tidlegare, burde du abslutt kikke på plata hennar.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Sissy Wish – Beauties Never Die
Same dag som eg hadde vore på platesjappa Apollon for å få musikk for gåvekortet eg fekk i julegåve frå Megafon, såg eg Sissy Wish utanfor Garage. Ei lang tynn dame med artige songar som fenger sjølv om ein ikkje nødvendigvis har høyrt songane hennar tidlegare. Det er mang ein sang med denne dama eg kan oppmode dykk om å spore opp – men tittelsporet til plata hennar ”Beauties Never Die” er i alle fall ein start i rett enden.
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
The Cardigans – You’re The Storm + (If You Were) Less Like Me
To songar plukka frå ”Best of”-abummet til svenskane, eit verk som kom på platemarknaden først januar i år. Med til saman 46 songar frå karrieren som starta i 1994, har ein fått med mykje snadder. Nokre meir kjende enn andre – i tillegg til ein del dårlege demoversjonar. Heldigvis er det ingen som tvingar oss til å høyre sistnemnde når dei faktisk har ferdigskurte fine songar å servere. Det ser ut som om sistnemnde song opererer under to namn: Good morning Joan og (If You Were) Less Like Me. Siste versjonen er litt rolegare enn Good morning Joan, dog. Usikker på kven av namna som er “mest rett”.
Camille – Pour Que L’amour Me Quitte
Tidlegare med i det bandet ”Nouvelle Vague”, som eg aldri har høyrt om før, gjekk franske Camille etterkvart over til ei solokarriere. Ho har prøvd seg med ballettdansing og innanfor filmbransjen via filmen ”Les Morsures de l’Aube”., der ho fekk med ein song på filmalbummet. Synginga og songskrivinga skaut først fram etter at ho i eit bryllaup hadde sunge ein song med namn ”Un Homme Déserté”. Plata ”Le fil”, som songen ”Pur Que L’amour Me Quitte” er henta frå, vant i 2005 prisen ”Best New Album” i den årlege prisutdelinga ”Victoires de la Musique Awards”. Dama brukar heile spekteret sitt i synginga – vere seg harking eller sarte tonar.
The Perishers – Midnight Skies
Roleg svensk musikk med ei nerve. Vart fort forelska i lyden til dette bandet, men avdi mykje av musikken var lik gjekk eg òg fort lei. Men. Musikken er bra den. Eg vart nok berre litt for ivrig på repeteringa. ”Midnight Skies” er uansett ei perle.
Fultifarti – ti kjappe
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Vampire Weekend – A-Punk
“Fultifarti!” utbryter ein av dei yngste søskenbarna om ting går litt fort i svingane. I høve helga gjev eg dykk eit par songar med litt “fultifarti”. Ti stykk, til og med.
1. Caesar’s Palace – Jerk It Out
2. Jakobinarina – His Lyrics Are Disastrous
3. Jakobinarina – Jesus
4. Jakobinarina – This Is an Advertisement
5. Phoenix – Consolation Prizes
6. Snook – Snook, Svett & Tårar
7. Vampire Weekend – A-Punk
8. The Wombats – Let’s Dance to Joy Division
9. Yeah Yeah Yeahs – Gold Lion
10. Orson – No Tomorrow
Tipsar(ar): Frode og Ole Mattis
6 kommentarer