Kvafornoko?

.. bloggaren
22 år. Jente. Sunnfjording. Journalist av yrke. Og ein fot som trampar takta til god musikk. Ustyrt med ein iPod touch og ein kvit Mac. Når då bloggforfattaren òg har blogga på “Janne i trykken” sidan desember 2005, var det kanskje berre eit tidsspørsmål før det skulle dukke opp ein musikkblogg?
.. musikkbloggen
Eg plukkar ut musikk som eg trur andre kan ha glede av låne både eit og to øyrer til. Det vert naturlegvis musikk som eg sjølv set pris på. Rettare sagt, hovudsakleg rock, poprock, alternativ og indie. Men det hender at andre sjangrar òg snik seg inn.
Prøvar å lære lesarane mine litt – og samtidig sjølv få betre kjennskap til menneska bak musikken eg spelar. Bloggen vert sannsynlegvis basert på presentasjonar av artistar, musikkvideoar, enkeltsongar og spelelister. Spekulerer òg på å spe på med litt nyhende frå musikkverda.
Når musikken eg skriv om har kome meg i hende grunna ein tipsar, får dei litt merksemd i slutten av innlegget. Bloggforfattaren set nemleg òg pris på å få hjelp til å friske opp musikksamlinga si.
Eg har delt Knirkefritt inn i åtte kategoriar. Såleis skal lesarne lettare kunne finne fram i mylderet, og på den måten bruke bloggen på den måten dei sjølv vil. Måtte det vere seg å berre kopiere spelelister, berre lese presentasjonar av artistar eller berre sjå videoar.
Kategoriane er som følgjer:
Fleire kategoriar kjem kanskje til etterkvart. Elles kjem eg til å lage merkelappar (les: tag-ar) på band/artistnamn og album. Er du over-ivrig på ny musikk, kan du no sjå kva songar eg nyleg har spelt. Det gjer du på denne sida.
0 kommentarerIngen kommentarer enda - bli den første til å kommentere
Skriv en kommentar