Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Duoen eg gjekk glipp av

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.
Fredag spelte den sveitsiske duoen MiNa på Hulen. Og eg gjekk ikkje. Pokker, tenkjer eg no.

Då venninna mi og eg rota rundt på nettet etter ein stad å kikke innom fredagskvelden, var hulen.no ein av dei heldige utvalde. Berre så dumt at vi stempla konserten som “sovemusikk”, og valgte å gå på Dubliners i staden for. Ikkje noko vondt om utestaden – men musikken til MiNa hadde vore verdt mangelen på “hæla i taket”.

MiNa er ein sveitsisk duo frå Bern – danna av Luk Zimmermann og vokalist Jäel Krebs. For over eit halvt år sidan ga dei ut debutalbummet “Playground Princess”. Ei plate som fall i god jord blant kritikarane i heimlandet. I april kjem albummet ut i resten av Europa.

Musikken er roleg og vise-aktig, med instrument som femner om blokkfløyte, banjo og gitar. Den melankolske herlegdommen har lite av futt og fart – men det er heller ikkje desse du set i platespelaren om det er det du er ute etter (med unntak av songen “What It Means to You”. Røysta kan minne litt om Cardigans-Nina.

Saman med Pål Angelskår, kjend frå Minor Majority, har songen “Living in Between” vorte til. Nyt den. Det verker nemleg som om ein enno må smøre seg med tolmod for å få tak i plata Playground Princess. På iTunes var den i alle fall ikkje å finne. I mellomtida kan ein døyve ventetida med eit tidlegare prosjekt av Jäel Krebs, bandet Lunik.

Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

Knirkefrie tonar:
MiNa: Living In Between, Man from the Past
Lunik: Backup, The Most Beautiful Song, Through Your Eyes, You Won’t Stop Me

My Space: MiNa
Heimeside: MiNa

0 kommentarer