Musikk:Knirkefritt

Bare enda en IBlogger-blogg

Frelst på piratane

18 March 2009 | Emne: Kjappis, Presentasjon | Tagger: 

pony the pirateMUSIKKRUS: Torsdag fekk eg både intervjua og sett Pony the Pirate spele på Hulen.

Som nokre av dykk kanskje har fått med dykk, er Årets Urørt for augneblinken på Norgesturné og spelar land og strand saman med jentebandet Norma Sass. Då åttarbanden inntok Bergen kasta eg meg over intervjuet som stod på sakslista til studentavisa. Litt fordi eg uansett hadde lyst på konserten, og gjerne ville ha billettar gratis. Litt fordi ingen andre tok saka, og eg syntes det hadde vore ei skam om vi ikkje hadde ei sak om dette glimrande bandet som no absolutt er aktuelle.

Frå å vere frelst, har eg no gått over til å vere heilfrelst. Flinke, dyktige store bandet! Eg fekk rettnok berre intervjua to i bandet, ettersom dei andre måtte gå att og fram med instrumenta sine til scenekanten, men likevel. Musikarar som har humor er absolutt eit pluss. Og det hadde dei. Les heile intervjuet med dei her.

Etter konserten klarte eg sjølvsagt ikkje å halde meg i tøylane, og kjøpte både søt pirat-t-skjorte og EP-en «This is Psychopedia!». Det gledar meg å vete at dei no freister å satse internasjonalt. Og eg kan knapt vente til CD-en deira kjem. Anten til rundt sommarstider eller rundt nyåret. Uansett: Vert kjekt å følgje dette bandet. Trur dei kan gjere det stort.

Pony the Pirate
- på Myspace
- på Urørt
- sin nettstad.

0 kommentarer

Årets Urørt: Pony the Pirate

26 January 2009 | Emne: Kjappis, Presentasjon, Video | Tagger: ,

ponythepiratePlutseleg kunne Pony the Pirate føye seg inn i rekkja av “Årets Urørt” saman med Ida Maria og Matias Tellez.

Bandet med base i Oslo var soleklare favorittar både hjå juryen og publikum, då dei fredag kapra den gjeve tittelen “Årets Urørt”. Med 13 090 stemmer av totalt 18 000 stemmer, sikra dei seg statuett, 25000 kroner og ein turné til 18 spelestader i heile Norge. (Obs-obs! 17. april speler dei på Kvarteret – NG2)

Sju(åtte?)mannsbandet, med sine tre kvinner, vann konkurransen med songen “Walk the Shame”. Du har kanskje høyrt om dei før. Til dømes då dei vart intervjua på Waschera på TV2. Allereie er dei plukka ut til å spele på by:Larm, men før den tid skal dei prøve å gi ut ein EP med fem songar. Ifølgje bandet sjølv skal dei i løpet av 2009 i tillegg vere med på å lydgje ei stor norsk filmsatsing.

Det er nok best å merke seg ved namnet “Pony the Pirate” no med ein gong. Men medan vi ventar kan vi kose oss dei songane som allereie ligg ute på verdsveven.

Pony the Pirate på
- Urørt
- MySpace

PONY THE PIRATE – WALK THE SHAME
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.

0 kommentarer