Snikfotografane
Please enable Javascript and Flash to view this Flash video.Skeiv kyrkjefolkmusikk til folket.
Toronto-bandet “The Hidden Cameras” er 1. september invitert til USF Verftet for å servere indiemusikk til bergensarane. Den alternative, indie-aktige musikken kan vi takke Indiegranskauen for å få servert på heimebane. Og sjølv om det er på ein måndag det heile skjer, dempar ikkje det lysta mi for å dukke opp for å oppleve musikarane.
Bandet er ifølgje kjelder på nettet resultatet av ein idé av songar og gitarist Joel Gibb. Debutalbumet “Ecce Homo” som kom ut i 2001, har sidan den gong vakse i talet og vorte fire plater. Siste utgjeving frå gruppa var plata “Awoo” i 2006. Sjølv karakteriserer The Hidden Cameras musikken sin som “gay church folk”.
Musikarane har ein akustisk-basert songskriving, som somme samanliknar med “The Magnetic Fields” og “Belle & Sebastian”. Og ut i frå det eg kan lese meg til på rusten engelsk, hadde dei under ei rundreise i Canada inntil 30 go-go dansarar, stripparar og musikarar, samt videoar, framviste tekstar og voldsomt engasjement frå publikum.
Tida vil vise om dei klarar å fenge bergensarane i like stor grad når dei skal spele på Verftet.
0 kommentarer